Verdensbiblioteket
Verdensbiblioteket er ei gratis strømmeteneste med e-bøker og lydbøker på fleire språk. Biblioteket inneheld både barne- og vaksenbøker, skjønn- og fagbøker på arabisk, bosnisk/kroatisk/serbisk, tigrinja, tyrkisk, persisk og somali. Å opprette ein brukar er gratis. Det einaste du treng er ei gyldig e-postadresse.
Verdensbiblioteket er eit samarbeid mellom nasjonalbiblioteka i Noreg, Sverige og Danmark.
Det flerspråklige bibliotek
Nasjonalbiblioteket driv også tenesta Det flerspråklige bibliotek. Her kan du finne bøker, filmar og språkkurs på ei rekkje språk. Som privatperson har du tilgang til samlinga via ditt lokale bibliotek. Biblioteket kan bestille bestemte titlar til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i.
Om du har eit nasjonalt lånekort kan du ofte sjølv tinge titlar gjennom søket og få det sendt til ditt bibliotek. Sjå søket til Det flerspråklige bibliotek her. Trenger du rettleiing kan ditt lokale bibliotek hjelpe deg.
Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland