Ei stemme til dei stemmelause

Å gje ei stemme til dei som ikkje hever røysta så høgt til vanleg, er ein viktig funksjon i litteraturen. «Alle er meir enn det du ser», som Kirkens bymisjon seier.

«Å komme til orde», med undertittel «Politisk kommunikasjon 1814-1913», er ei ny bok om norsk historie, skriven av Anders Johansen. Boka fekk kritikarprisen for 2019 og er førebels tilgjengeleg på papir. I eit foredrag ved Bergen Offentlige Bibliotek kan du høyre forfattaren snakke om nokre hovudlinjer i boka.
Bokmeldaren Oddgeir Osland samanfattar dei over 900 sidene slik: «Boka handlar om korleis bønder, arbeidarar og kvinner braut opp frå «de stummes leir», skapte sine eigne samtalerom og inntok Stortinget og det offentlege ordskiftet.»

 

Livet og litteraturen

I ein tekst som bruker skjønnlitterære grep, kan eg gå inn i tankane og kjenslene til ein person, bli kjend med ho eller han, møte mennesket bak moglege oppfatningar og «stempel» som ein person kan ha fått.

Cora Sandel skriv sanseleg om Paris i mellomkrigstida, og lesarane kan vandre med Alberte rundt i byen, oppleve menneska, lydane, luktene, kjenne på kulda og varmen, vanskane og livsgleda. Vi kjem tett på utfordingane i «Vårt vanskelige liv», som er tittelen på ei bok med Sandel-noveller.

I ein annan tekst som er verd å lese, kan vi filosofere rundt vilkåra til det enkelte mennesket og korleis vi oppfører oss i fellesskapet, i den vesle boka: «Kilden, eller brevet om fiskeren Markus» av Gabriel Scott. Boka kom ut i 1918.
«Et menneske kommer til verden, det vandrer rundt i en ham av støv, det lever og spreller og strir en tid, det trekkes med sykdom og urett og savn…». Markus funderer over livet og kvifor alt er som det er, men søker likevel å finne meining i dei små tinga. Om ein ikkje eig så mykje, så samlar ein heller ikkje så mykje «støv», tenker han.

Forteljingar kan gi innsikt i andre menneske, som liknar meir eller mindre på oss sjølve. Når det gjeld seksuelle legningar, kan litteraturen vise relasjonar som synest ukjente, men samtidig kan ein sjå at kjenslene er svært like – uansett kven vi blir glade i. Vi ser at «alt er love»…for å sitere eit uttrykk frå tv-serien «Skam».

Ulike etniske opphav er ein annan faktor som bøker kan fortelje om, vise korleis menneske med minoritetsbakgrunn søker å overvinne hindringar for å skape gode liv.


lesararGjennom tid og rom

Å gå inn i tankestraumar er ein måte der eksperimenterande forfattarar tidleg på 1900-talet ønska å «sitere det menneskeleg medvitet». Ei stor mengd av tankar og idear kan gjere teksten spennande, men også meir krevjande å lese. Tankestraumar kan skifte avsendar, slik som når vi vandrar ut for å kjøpe blomster med Clarissa i boka «Mrs Dalloway» av Virginia Woolf, og i teksten beveger vi oss etter kvart inn i andre personar.
Brødrene Karamazov av Fjodor M. Dostojevskij er eit anna kjent verk i verdslitteraturen. NRK har laga ein uhøgtidleg felles røff guide, som startar «for alvor» i del 2 av ein serie i P2-programmet Salongen. Boka er med på ei liste over anbefalingar av Knut Gørvell.

Klassikarar finn vi også i teikneserieform. «Maus» av Art Spiegelman er ei personleg teikna forteljing om ein relasjon mellom ein far og ein son, med bakgrunn i det å vere jøde under andre verdskrigen.


For små og store

Tintin og Tommy & Tigern er teikneseriar som har gleda mange av oss som er vaksne no. Kan hende nye lesarar vil like dei også? Asterix har vore ein annan populær serie, med god kvalitet. Albert Uderzo, ein av skaparane, døydde nyleg. Han var 92 år.

I år fyller den første boka om Mummitrolla til Tove Jansson 75 år. Bøkene er rekna som allalderlitteratur, og særleg dei siste i serien når like lett til vaksne som barn. Trollvinter er den boka eg først festa meg med – og det er fleire bøker i bokhylla.

Ein film med eit 40 minutt langt program gir eit interessant blikk inn i Tove Jansson sitt liv og virke, filma på den vesle øya Klovharun, i skjergarden aust for Helsingfors. Der var ho mykje i sommarhalvåret, saman med kjærasten Tuulikki Pietilä, som opptrer i Mummibøkene i form av den praktiske og kloke Too-Tiki.
NRK laga eit program om bøkene med barne- og ungdomsbibliotekar Marie Alming.


Forfattar-favorittar

Bergen Offentlige Bibliotek har fått seks forfattarar til å anbefale bøker. Fleire av bøkene dei nemner er å finne digitalt på bokhylla, eller dei finst i e-bokutlån. Her er den andre sida med boktips.

Nokre av bøkene i denne artikkelen er lette å lese, medan andre er meir krevjande. Uansett kan kvar av dei gje oss spennande opplevingar når vi først kjem inn i teksten og let oss rive med.

God lesing!


Fakta om Verdas bokdag

Datoen 23. april vart valt fordi fleire forfattarar har denne datoen som fødsels- eller dødsdag. Både Cervantes og Shakespeare døydde 23. april i 1616.
Unesco oppretta Verdas bokdag i 1995, og dei gjorde det etter mønster frå Barcelona, som har ein gammal tradisjon for å feire dagen med bøker og roser.


Av Helge Skurtveit, Bibliotekutvikling Vestland

Foto heading: Cristian Escobar, Unsplash
Foto i artikkelen: Varun Gaba, Unsplash

 


Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland
Translate »
Share This

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close